Feriefolk! Bryony Griffith og Alice Jones på Friluftshuset
Velkommen til haustferie-konsert i konsertserien Feriefolk! Klepp kommune byr på musikk i folk-sjangeren i alle skuleferiane i 2024, på Friluftshuset på Orre. Nå kan du få oppleva Bryony Griffith og Alice Jones.
To særdeles gode engelske folkemusikarar er klare til å by på musikalsk samvær siste dag i haustferien.
Alice Jones hadde ei rekke konsertar i Rogaland i 2019, og ho leverte med både stemme, armar og bein! Flott og variert sett med løgne anekdotar mellom songene. Ho er ein utmerka vokalist, og i tillegg til den modne stemma si trakterer ho piano, trøorgel, blikkfløyte, tenorgitar og kroppsperkusjon. Dei tre siste åra har ho spelt saman med den svært dyktige felespelaren og vokalisten Bryony Griffith. Dei har gitt ut fleire album kvar for seg og to saman. Det siste fellesalbumet vart kåra til eit av de ti beste folk-albuma gitt ut i England i 2023.
Repertoaret er i hovudsak tradisjonell engelsk folk. Me merker også påverknad frå Amerika, kanskje fordi Alice har jobba så grundig med Appalachian dancing. Bryony arbeider elles med undervisning i fele og song ved Leeds Conservatoire; noko som understrekar det musikalske nivået hennar.
Her kan du få høyra smakebitar av musikken: https://bryonyandalice.com/
Artistane kan skilta med svært gode kritikkar:
“Alice Jones is a seriously impressive singer of traditional songs” fRoots
“Superb, sincere vocals – meltingly fine music.” Verity Sharpe, BBC Radio 3
“It is such an outstanding and major contribution to English fiddle playing that it should be heard throughout the land and considered the high water mark of England’s music”. Joe Crane Folk Radio UK
“A solo album of great power and magnificence. She sings beautifully and knows how to kick out a song and does it brilliantly. Wow, what a great voice.” Mike Harding
--
Klepp bygdekvinnelag sel kaffi og lappar.