page view image

Feriefolk! Frøkedal & Familien på Friluftshuset

Velkommen til sommarferie-konsert i konsertserien Feriefolk! Klepp kommune byr på musikk i folk-sjangeren i alle skuleferiane i 2024, på Friluftshuset på Orre. Det er ei glede å presentera Frøkedal & Familien.

Information
event image

Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin særprega folkpop, som står både rocken og folkemusikken nær. I desse dagar kjem albumet "Stay" ut; ei musikalsk motgift mot reiselyst, rastløyse og nagande uro for å gå glipp av noko, om ein skal tru bandet sjølv.

Feriefolk-konserten på Friluftshuset bør ein derimot ikkje gå glipp av. Midt i det sommarlege jærlandskapet, tett på ei av dei finaste strendene i Europa, skal Frøkedal & Familien presentera nye og gamle hits i fullfamilieformat. Bandet vil, utanom Anne Lise Frøkedal sjølv (vokal og gitar), bestå av Olav Christer Rossebø (feler og mandola), Selma French Bolstad (feler og vokal), Erlend Ringseth (keyboards) og Torjus Nevland (trommer og vokal).

Til liks med deira tidlegare nydelege utgjevingar, har Frøkedal med "Stay" gravd djupt i heimlege musikalske skattekister. Dei har laga allsongar, prog og folkrock, og smelta reine popsongar saumlaust saman med pols, vals og annan folkeleg rytmikk. Velklingande koring, sterke melodiar og interessante arrangement er også blant kjennemerka til bandet.

"Stay" handlar om dei som blir verande, som vågar å tru at det som kan gjere oss lukkelege, kanskje ikkje er ein annan stad, men nett her, nett no. Det er eit album om kjærleik og smerte, røter og fellesskap.

Frøkedal & Familien har fått varm omtale i heimlege aviser og magasiner, men også i The New Yorker og The Sunday Times. Dei har spelt live på BBC Radio6 og har blitt nominert to gonger til Spellemannspris. Dei har til og med fått snuse på arenaformatet som oppvarmingsband for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Nyleg var dei på britisk turné som special guests for skotske Teenage Fanclub.

Frøkedal & Familien har også laga songbok. Der skriv dei innleiingsvis: "Musikk er ei samlande kraft, som gir oss alle tilgang på det utvida spekter av kjensler, minne og visjonar. Derfor legg me her alle korta på bordet, slik at den som ønskjer det, kan komme tettare inn på desse låtane - eller til og med spele dei sjølv."

Foto: Vidar Landa

--

Klepp bygdekvinnelag sel kaffi og lappar.